Kinn Ap ynskjer velkommen til politisk temakveld og medlemsmøte
Gjester stortingsrepresentantar Terje Lien Aasland og Espen Barth Eide
Kinn Ap ynskjer velkommen til politisk temakveld og medlemsmøte.
Møtet vert arrangert i lokala til Peak Florø, Strandgata 52. Det vert og kobla opp som videomøte for medlemmer som ynskjer å delta per video. Det vil kome egen epost med oppkoblingsinformasjon for medlemar som vil delta på video.
- Program for kvelden:
- Kl. 17:00 – 17:30 Debatt om grøn omstilling i næringslivet
- Kl. 17:30 – 18:00 Handsaming av framlegg til kandidatar til stortingsvalet 2021
- Kl. 18:00 – 18:30 Oppdatering av politiske situasjon for Kinn kommunestyre og aktuelle politiske saker
Grøn omstilling for næringslivet:
Grøn vekst omhandlar ein absolutt begrensning av klima- og miljøskade, samstundes som økonomien fortsett å vekse. Grøn vekst forutsett auka ressursproduktivitet i produksjon og auka ressursproduktivitet krev ein stadig meir effektiv avvending av innsatsfaktorane i økonomien.
Kinn er ein kommune rik på ressursar på land og i havet og med ein variert og spanande næringsliv. Kva politiske verkemidlar krevs for at vekst og verdiskaping skjer innanfor jordas bæreevne og med lågast mogleg utslipp? Er vi rusta i Kinn for å møte desse utfordringane?
Innleiing til debatt om grøn omstilling for næringslivet ved stortingsrepresentanter Terje Lien Aasland og Espen Barth Eide.
Stortingsvalet 2021:
Det skal sendes inn framlegg til kandidatar til stortingsvalet 2021 til nominasjonsnemnda i Vestland AP og medlemar skal ha høve til å koma med framlegg på kandidatar. Lista til stortingsvalet skal vera samansett av fem kvinner og fem menn. Nominasjonsnemnda ønskjer ei kort grunngjeving for kvifor kandidatane skal nominerast.
Aktuelle politiske saker:
Det vert ein oppdatering rundt den politiske situasjon for Kinn Kommunestyre og andre aktuelle politiske saker.
Praktisk info:
Møte vert gjennomført med smittetiltak i tråd med krav frå FHI. Alle deltakare på møte må registrere seg i møteprotokoll med namn og kontaktinfo, og vi minner om at om ein er sjuk eller har mistanke om sjukdom, så held ein seg heime. Då er video oppkobling eit godt alternativ for å delta.
Vel møtt!
Helsing styret i Kinn AP
v.leiar Solveig Willis