Digital 1.mai i Kinn
Kinn AP ynskjer velkomen til digital 1.mai markering
Velkomen til digital 1.mai markering.
Dette vert det første 1.mai arrangementet i nye Kinn Kommune, og det vert viktigare enn nokonsinne å markere dagen. I år vert det dessverre ikkje høve til å gå i tog eller samlast slik det har vore lange tradisjonar for i Florø.
Men, - i samarbeid med LO og Fagforbundet, Sv og Raudt arrangerer vi i Kinn AP digitale 1.mai, som eit arrangement på Facebook.
Vi skal nytte dagen til å hylle alle dei som står i første rekke for å hjelpe, men og dei mange som er permitterte eller arbeidsledige.
I desse tider ser vi kor viktig det er at vi har eit godt organisert arbeidsliv og dyktige tillitsvalde, eit sosialt sikkerhetsnett og ein sterk offentleg sektor. Vi oppfordrar deg til å delta aktivt på arrangementet og til å dele saker du brenn for! Husk å trykke deltek på arrangementet, slik at vi syner at dagen er viktig for mange.
Årets hovedtaler, Iren Luther, er sjølv sjukepleiar og nestleiar seksjon helse og sosial i Fagforbundet sentralt.
På arrangementet vert det og lagt ut fleire lokale appellar og kulturinnslag. Vi har og laga til konkurranse, og om du eller andre i familien legg inn dine 1.mai saker, eller bilder av 1.mai aktivitetar, sjølvsagt utført i tråd med smitteomsyn i desse Corona tider, så har vi flotte premiar å gi bort - kun handla lokalt i Kinn.
Og så er det og nokre fordelar med det digitale. Om 1.mai praten heime hos Ola Teigen skulle kollidere med den planlagte 1.mai toget i hagen, så kan du sjå og høyre han Ola i ro og mak med kaffi og 1.mai kake når du er ferdig. Ja tenk, du kan faktisk sjå på talen så mange gonger du vil! :-)
– 1. mai er viktigare enn på lenge, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.
Han er klar for sin første digitale 1.mai, det er også vi i 1.mai komiteen i Kinn og vi håper du vil vera med!
Program 1.mai i Kinn:
Kl 08:30: Flaggheising og velkommen til 1. mai i Kinn
Kl 08:45: "Gud signe vårt dyre fedreland", spilt av medlemmer i Torskangerpoll Musikklag.
Kl 09:00: Ola Teigen inviterer heim på 1.mai med tale.
Kl 09:30: Musikk innslag, song Jon Valur Olafsson, Stavang.
Kl. 10:00: Tale - Iren Luther, Fagforbundet sentralt.
Kl. 10:15: Appell - Nils Petter Støyva, region nestleder, LO Vestland.
Kl. 10:20: "Bella Ciao", song av Kristin Oldeide med Geir Oldeide på gitar, Måløy.
Kl: 10:30: Allsong – frå 1.mai 2019, "De unge slekter". Ralf Johannessen på gitar.
Kl. 10:45: Appell - Torbjørn Vereide, faglig ungdomssekretær, LO Vestland.
Kl. 11-14: Sentral opplegg
Kl. 14:00: Fagert er landet, av Iver Kleive og Knut Reiersrud. Spilt av medlemmer i Torskangerpoll Musikklag.
Kl. 14:00: Konkurranse slutt.
Kl. 14:05: Florø Hornmusikk, eit av dei eldste brassbanda i Noreg, opptak frå 1.mai 2019.
Kl. 14:15: Appell - Even Hallingstad, Norsk sjukepleiarforbund.
Kl. 14:30: Trekning beste publikumsinnslag på siden og publisering av vinnere.