Marlene Berg, styremedlem og sekretær Kinn AP

Gratulerer med den Internasjonale Kvinnedagen, 8. mars

Innlegg av Marlene Berg, styremedlem Kinn AP

Den første kjende kvinnedag-feiringa fant stad i USA i 1909, men først året etter vart den internasjonal då over 100 kvinner frå 17 forskjellige land vart representert på Sosialistinternasjonalens konferanse i København i Danmark. I Norge vart den internasjonale kvinnedagen for første gang feira i 1915, men i Kristiania trampa det fram eit kvinnelig demonstrasjonstog for stemmerett allereie den 17 mai i 1899.  

Kvinnedagen vart hovudsaklig oppretta for å bygge opp støtte for allmenn stemmerett for kvinner og å heidre bevegelsen for kvinners rettigheter, og blei i 1977 anerkjent som en offentlig FN-dag. På slutten av 60-talet vaks det fram en sosial bevegelse som etter 70-talet skulle sette varige spor i samfunnet og som starta prosessen med å rette eit verkeleg stort fokus på likestilling. Det patriarkalske husmor-samfunnet var ikkje det etterkrigsgenerasjonens døtre var ute etter. Dei krev endringar og ville ha nye betingelser. Kvinnefrigjøring. Feminisme. Større sosial aksept. Mindre undertrykking. Likestilling. Det skulle ikkje lengre være kvinna som koker kaffi og menn som planlegger revolusjon.   «When you tell me about all the things I cannot be,I remind you that I am both war and woman  and you cannot stop me.» - Nikita Gill Social Proximity EffectHeile oppveksten og ut liva våre, så speglar vi personane og figurane vi blir omringa av.Eg kan hugse at vi såg på Skjønnheten og Udyret, Pocahontas, Tornerose, Askepott og Snehvit blant mange andre klassikere. Vi var omringa av vakre, tynne Disney prinsesser som var i desperat behov etter ein mann som kunne redde dei frå kva enn situasjon dei fann seg i. 

Førebilda vi eigentleg burde hatt frå tidlig alder skulle vært sterke, sta, bevisste, sjølvstendige og intelligente kvinner. Kvinner som Liv Arnesen som var første kvinne som gikk alene på ski til Sydpolen, Russiske Valentina Teresjkova som vart den første kvinna i verdsrommet, borgerrettsaktivist Rosa Parks som nekta å gje sin plass på bussen til ein kvit mann, Marit Bjørgen med sine 12 VM-gull, 6 OL-gull og 66 individuelle seier i verdscuprenn, Betzy Kjelsberg som var politisk aktiv og ein kjent forkjempar for kvinnesaka, Gro Harlem Brundtland som var Norges første kvinnelege statsminister, og ikkje minst min personlege favoritt Sarah Connor – for det var aldri lagt vekt at ho var ei kvinne, ei mor, eller attraktiv og veltrent. Ho var simpelthen en soldat som kjempa for si sak til tross for umåteleg motgang frå samfunnet. 

Den skildringa er forut si tid. Disse blant mange fleire andre rakrygga og uredde damer, sjølv om dei er fiktive eller ikkje, har vært katalysatorar for å sette sine viktige spor og ord i både historie og samfunn.   Likestilling er, og har alltid vært en maktkampLikestilling kan også opplevast som truande for enkelte grupper som tidlegare har profittert på ulikheten. Vi i Norge har absolutt kome eit langt stykke på veg, og Norge scorar relativt høgt på internasjonale målingar når det kjem til dette. Det betyr likevel ikkje at vi kan sette oss ned og kvile, kalle jobben for «gjort» og resultatet for «godt nok» - for «godt nok» kan ikkje forvekslast med «rettferd» då desse to orda er langt i frå å være synonyme. Det er så mange kvardagar og historier der ute som vi alle kan kjenne oss att i.  

Ei venninne tidleg i 30 åra fortalde meg ei nær historie som likevel er fjern for oss som er unge kvinner i dag. «Mor mi har fortalt meg korleis det var å gå på Husmorskulen, ei linje som var veldig vanlig å gå på for berre få år sidan. Det var nærmast forventa av mange. Svigermødrer viste større aksept i samvære, og menn spøka om at utdanninga deira var ‘ei natt på Husmorskulen’, og kvinnene hadde færre mogligheiter på den tida. Det var betrakta som sært om nokon gjekk stiar som var mannsdominerte. Vi kan sette det i perspektiv og sei at det er en rar situasjon å sette seg inn i for meg som er dagleg ledar og styrar min eigen kvardag.»   

Ei eg kjenner, midt i femti åra, fortalde nyleg: «I oppveksten var eg alltid veldig glad i å stå på ski, og tok gjerne same hoppa som gutane som var 6-7 år eldre enn meg tok. Det kunne kome kommentarar, men det brydde eg meg ikkje om. Eg spurte meg sjølv alltid kvifor ikkje kvinner hoppa på ski i VM og OL slik som menn gjorde. Det er mykje som er annleis enn før, og godt er det. Men vi har fortsatt ein lang veg å gå.»   Er du også interessert i skisport har du nok høyrt om Anette Sagen Vikersund som også har vært kjent som ein av Norges fremste skihoppar. For vi skal bare få år tilbake i tid for å sjå rein kjønnsdiskriminering skje i moderne tid.  Når den store, flotte, nybygde Holmenkollen skulle prøves for første gang, ville Norges befolkning sjå Anette ta det første hoppet i den store, nye bakken. Det skulle vise seg at dette ikkje vart akseptert. Bjørn Einar Romøren tok det første hoppet og media eksploderte. Det vart laga ei stor sak av dette. Bjørn Einar måtte offisielt beklage seg og blei utestengt frå verdscuprenn i Lahti og Kuopio. Han var jo eigentleg berre ein syndebukk i denne situasjonen. FIS (Det Internasjonale Skiforbundet) vedtok på kongress i Portugal i 2006 at kvinner skulle få delta i Ski VM, men at dei berre skulle få delta på hopp i normalbakke. Sjølv i VM i Holmenkollen i 2011 fikk kvinner altså bare hoppe i normalbakken. Anette Sagen Vikersund har stått i bresjen i kampen for at kvinner skulle få hoppe i VM og OL, men sjølve innkjørings-æra skulle det vise seg at mennene skulle ta seg av. Eit anna stor namn både innan fotball og i media er Ada Hegerberg, en strategisk angrepsspiller som har blitt kåra til både Europas- og verdens beste fotballspiller av UEFA og BBC. Endå ei dame med bein i nasa, rak rygg og svimlande sterk motivasjon. Når Ada mottok Gullballen i 2018, som første kvinna i historia, blei  Ada spurt ‘live’ på scena om å «twerke»,  der responsen var et spørjande ansiktsuttrykk og oppgitthet.  

Poenget her er at kvinner i mange forskjellige posisjonar, situasjonar og arenaer får nedverdigande kommentarar og spøker på bekostning av både utsjåande og andre respektlause ting som ikkje høyrer heime verken i situasjonen eller nokon andre stader. Kvinner vert dømt basert på heilt andre meritter enn kva motparten blir. Bragder vert ikkje feira og hylla på same måte og kvinner må i mange tilfelle jobbe dobbelt så hardt for å få respekten som er meir enn fortent etter årevis med same arbeid som den mannlige motpart.   Generasjon ZNorge har som sagt kome eit godt stykke på den kronglete, kranglete og lange vegen mot likestilling. Men de to siste tiåra har det òg vekst fram ein heilt ny verden og et heilt annleis samfunn. Generasjon Z veks opp i to forskjellige samfunn samstundes – den digitale og det fysiske samfunn. For nokon kan det være ei oppskrift på sjølvtillitsproblem, forvridde sjølvbilete, usunne vaner og mobbing. For andre kan det være ein måte å finne samhald og utvikle vennskap.  Ei ung jente eg kjenner som går på barneskulen fortalde: «Har du mange følgare på TikTok og andre apper så kan du enten bli meir populær, eller kanskje føle deg litt betre. På skulen vår har dei gjort eit tiltak om at alle med same appane i klassane må følgje alle i klassen, etter situasjonar der elevar har følt seg utestengt digitalt. Gutane brukar også TikTok. Dei som spela kan legge ut video av det, dei kan streame, og dei som ikkje er så sosiale elles kan få nye vennskap der.»Eg spurde om dei har lært om ‘nettvett’, og det har dei heldigvis hatt mykje om både på skulen og heime.   Coup De GrâceKvinner må ikkje alltid sjå til alle andre som syndebukker i kampen om ein likestilt verden, vi må òg hugse å sjå litt til oss sjølve. Vi må bygge kvarandre opp. Vi må lære kvarandre, våre søstre, våre døtre og ikkje minst oss sjølve det å framsnakke kvarandre inkludert oss sjølve. Koste for vår eiga dør, droppe fokuset på andres – og å ikkje basere eigenverdi på verken samanlikning eller andres meiningar. Slipp taket på gamle klisjear og ugrunna fordommar. 

Gjennom historia har så utrolig mange sterke, flotte kvinner bana veg uansett kor umogeleg vegen såg ut for å så sende fakkelen vidare til neste generasjon. Samfunnet som en heilhet gagnar på at begge kjønn reiser seg opp for å ytre tankar og idear, yter og bidrar til samfunnet, og at alle får lik erkjenning og respekt for den jobben de gjør.    Gratulerer med dagen!