Politikere
Kommunestyret 2023-2027
-
Ola Teigen er Kinn Ap sin ordførarkandidat. Han har mellomfag i historie og sosiologi. Er handverkar av yrke. Blei engasjert i politikken grunna fordelingpolitikk. Hjertesaker er unge, fritid og næringspolitikk.
-
Har vert med i AUF sidan eg var 14 år, så har eigentleg alltid vert engasjert i politikk. Det var nok ikkje ei spesiell sak som fekk meg engasjert, men det har alltid vert veldig viktig for meg at alle skal ha like moglegheiter, uavhengig av økonomi eller andre faktorar.
-
Yrke: Møbelhandlar Viktige saker : 1) Skule og barnehage må prioriterast, som grunnstein for val av Kinn som tilflyttingsstad. 2) Legge til rette for nyskapande næringsliv, som skapar fleire arbeidsplassar i Kinn kommune. 3) Regulere attraktiv bustadareal, som ligg klar for dei som ynskjer å busette seg i kommunen. 4) Sikre trygg og god eldreomsorg, og avlastning for pårørande til rett tid.
-
Doris Christensen, 52 år. Gift med Håkon. Mormor til to på Sandane og besta til tre i Oslo. Ny miljøterapeut på Florø barneskole etter 12 år i PPT, først i Flora og så Kinn. Ble for alvor politisk aktiv med kommune- og fylkesreformen, men har alltid fulgt godt med og vært interessert i politikk og samfunnsutvikling. Min hjertesak nr. 1 er alltid barna våre. At små og store barn skal ha det godt i barnehage, skole, hjem og fritid. Livskvalitet kommer med trygghet og trivsel. Er barna trygge kommer motivasjon og mestring lettere. Jeg framsnakker derfor barnehage og skole sin utrolige viktige rolle i omsorgen for alle barna våre. Hjertesak nr. 2 er at vi skal omstille samfunnet til et mer bærekraftig et, der naturen tåler vårt forbruk av varer og tjenester. Skal vi klare det, og det må vi, så må vaner forandres og systemer legges til rette. Informasjon og forståelse er heilt nødvendig, og også her kommer behovet for stadig mer kunnskap frem. Det finnes aldri enkle løsninger, men vi skal alle sammen ta viktige skritt på veien mot målet. I fellesskap.
-
-
Stine Kråkenes Øvrelid, 39 år, er gift, har 3 born og er oppvaksen og busett på Raudeberg. Ho er utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning innan akuttsjukepleie og leiing i helse- og sosialtenesten. Ho har jobba ved Måløy legekontor dei siste 18 åra, og jobbar per no som avdelingsleiar ved det interkommunale legevaktsamarbeidet ved Nordfjord legevakt. Politisk engasjert sidan 2014 med ein periode i Vågsøy samt ein periode i Kinn kommune. Hjartesaker: Utvikling av og attraktivitet for Kinn kommune er drivkrafta for det vidare politiske engasjementet. Påverknad for heiltidskultur, likelønn og likestilling i arbeidslivet samt rekruttering av nytilsette, og å behalde dei tilsette som vi allereie har i Kinn kommune. Ho meiner at kommunepolitikk og næringspolitikk er to faktorar som er avhengig av å spele ilag for å utvikle kommunen vår.
-
Tor Åge Gravdal, 44 år og oppvaksen i Vågsvåg, men bur no i Måløy. Han er utdanna styrmann ved Høgskulen i Ålesund og jobbar no som lærar hos Fagskulen Vestland. Tor Åge er fersk som politikar, og ser fram til å vere med å utvikle kommunen vidare i samarbeid med alle dei politiske partia. Opptatt av: gode tilbod til alle innbyggjarane, men brenn spesielt for skule og oppvekst. Borna må ha ein trygg skule- og barnehagekvardag, med læring tilpassa sitt nivå. Dette krev at ein sikrar tilgong på nok ressursar. Ungdommen må òg få gode og trygge fritidstilbod, der alle kan delta uavhengig av økonomi. Berekraftmåla til FN må ligge til grunn for alt arbeidet i kommunen.
-
Eg bur på Raudeberg saman med mannen min, Kurt. Vi har fire born og ein hund. Eg har nettopp fått ny jobb som Reinhaldsjef i Kinn. På fritida bruker eg mykje tid i klubben i mitt hjerte, Tornado Måløy, i tillegg strikker eg og tilbringer tid med familie og venner. Eg er med i politikken for å vere med å forme samfunnet vi lever i. Eg ønsker et inkluderende samfunn der alle er like mykje verdt. Eg er opptatt av heile og faste stillinger, gode oppvekstvilkår og ein god alderdom. Mine hjertesaker er opprusting av Skram skule, gode helsetjenester i heile kommunen, jobbe for at Kinn viser seg som den sterke kystkommunen som tek ut vekstpotensiale i maritime og marine næringer.
Styret
-
Doris Christensen, 52 år. Gift med Håkon. Mormor til to på Sandane og besta til tre i Oslo. Ny miljøterapeut på Florø barneskole etter 12 år i PPT, først i Flora og så Kinn. Ble for alvor politisk aktiv med kommune- og fylkesreformen, men har alltid fulgt godt med og vært interessert i politikk og samfunnsutvikling. Min hjertesak nr. 1 er alltid barna våre. At små og store barn skal ha det godt i barnehage, skole, hjem og fritid. Livskvalitet kommer med trygghet og trivsel. Er barna trygge kommer motivasjon og mestring lettere. Jeg framsnakker derfor barnehage og skole sin utrolige viktige rolle i omsorgen for alle barna våre. Hjertesak nr. 2 er at vi skal omstille samfunnet til et mer bærekraftig et, der naturen tåler vårt forbruk av varer og tjenester. Skal vi klare det, og det må vi, så må vaner forandres og systemer legges til rette. Informasjon og forståelse er heilt nødvendig, og også her kommer behovet for stadig mer kunnskap frem. Det finnes aldri enkle løsninger, men vi skal alle sammen ta viktige skritt på veien mot målet. I fellesskap.
-
Ønsket om å gjennomføre sosialdemokrastisk politikk fikk meg engasjert i politikk. Mine hjertesaker: Oppvekst (barnehage, skole), næring og kultur.
-
Eg er 48 år, bur i Måløy og jobbar som lærar på vidaregåande. På fritida er eg glad i å lese, vere sosial med venar og familie, lage mat, strikke, og å jobbe i hagen eller pusse opp hus, alt etter om vêret seier ute- eller innearbeid. Har alltid vore samfunnsengasjert og valde å bli med i Arbeidarpartiet i 2018. Har vore første vara til helse- sosial- og omsorgsutvalet og vara til kommunestyret i ein periode, og er klar for å gjere ein innsats vidare for å skape ein god kommune å bu i for alle.
-
Har vert med i AUF sidan eg var 14 år, så har eigentleg alltid vert engasjert i politikk. Det var nok ikkje ei spesiell sak som fekk meg engasjert, men det har alltid vert veldig viktig for meg at alle skal ha like moglegheiter, uavhengig av økonomi eller andre faktorar.
-
Ola Teigen er Kinn Ap sin ordførarkandidat. Han har mellomfag i historie og sosiologi. Er handverkar av yrke. Blei engasjert i politikken grunna fordelingpolitikk. Hjertesaker er unge, fritid og næringspolitikk.
-
-
Vegard Nordbotten Hovland, født 9.april 1988 i Florø. Tidligere medlem av AUF og medlem av Florø Arbeiderlag siden 2014. Er nå kasserer i Kinn Arbeiderparti. Utdannet innenfor arkeologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Bergen. Hen har tidligere jobbet som platearbeider på verftet i Florø og som befrakter og driftsKAM for Posten og Bring i Sogn og Fjordane. Hjertesaker: Samferdsel, kultur og helse og omsorg. Glad i bøker, sjokolade og luer. Er en ekte Hestenesslaur .
-
Mine hjertesaker eg barnehageplass til alle som vil ha det. Ein god grunnskule for alle med gode lærarar og ingen mobbing. Ein aktiv næringspolitikk og fokus på betra samferdsle. Vi vil først og fremst sikre gode kommunale tenester til alle i kommunen. Det betyr nok barnehageplassar, ein fagleg god grunnskule, verdig eldreomsorg, god og aktiv næringspolitikk. Vegar, båtruter og bussruter som gjer til at det kan bu folk over heile kommunen. Vi vil garantere for at dei kommunale arbeidsplassane er sikre arbeidsplassar i framtida også. Kinn Ap skal vere på offensiven overfor stat, fylkeskommune og private firma for å sikre offentlege og private arbeidsplassar som igjen skal gje eit oppsving for Kinn Kommune. Vi er eit parti som vil kjempe for viktige saker for alle i heile kommunen!
-
Eg heiter Frida Hegranes Selvik og går no siste året på vidaregåande skule. Eg sit i styret til AUF Vestland og trivst både med lokalpolitikk i kommunen og i AUF. På fritida trivst eg best saman med venninnegjengen og familien. Kampsakene mine er dei unge. Eg vil kjempe for at unge i Florø får ein utestad å gå til på same måte som ungdomen i Måløy. Eg brenn like mykje for at vi må skape fleire og betre lærlingplassar i Kinn kommune, slik at vi sikrar alle unge med yrkesfagleg utdanning ei trygg framtid.