Tor Åge Gravdal
Tor Åge Gravdal, 44 år og oppvaksen i Vågsvåg, men bur no i Måløy.
Han er utdanna styrmann ved Høgskulen i Ålesund og jobbar no som lærar hos Fagskulen Vestland.
Tor Åge er fersk som politikar, og ser fram til å vere med å utvikle kommunen vidare i samarbeid med alle dei politiske partia.
Opptatt av: gode tilbod til alle innbyggjarane, men brenn spesielt for skule og oppvekst.
Borna må ha ein trygg skule- og barnehagekvardag, med læring tilpassa sitt nivå.
Dette krev at ein sikrar tilgong på nok ressursar. Ungdommen må òg få gode og trygge fritidstilbod, der alle kan delta uavhengig av økonomi.
Berekraftmåla til FN må ligge til grunn for alt arbeidet i kommunen.