Stine Kråkenes Øvrelid
Stine Kråkenes Øvrelid, 39 år, er gift, har 3 born og er oppvaksen og busett på Raudeberg. Ho er utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning innan akuttsjukepleie og leiing i helse- og sosialtenesten. Ho har jobba ved Måløy legekontor dei siste 18 åra, og jobbar per no som avdelingsleiar ved det interkommunale legevaktsamarbeidet ved Nordfjord legevakt. Politisk engasjert sidan 2014 med ein periode i Vågsøy samt ein periode i Kinn kommune.
Hjartesaker: Utvikling av og attraktivitet for Kinn kommune er drivkrafta for det vidare politiske engasjementet. Påverknad for heiltidskultur, likelønn og likestilling i arbeidslivet samt rekruttering av nytilsette, og å behalde dei tilsette som vi allereie har i Kinn kommune. Ho meiner at kommunepolitikk og næringspolitikk er to faktorar som er avhengig av å spele ilag for å utvikle kommunen vår.