Marlene Solheim Berg
Representant
Er 28 år, bur i vakre Florø og jobber i bank som kunderådgjevar på privatmarknad i Førde.
Ein av tinga som står høgast for meg er at det fins like mogligheiter for alle.
Legger stor vekt på toleranse, respekt og tillit - og veit at god kommunikasjon, kunnskaper og et felles bidrag til samfunnet gjere forskjellane mindre og vegen til våre felles mål kortare.
Eg har ikkje èin spesifikk politikk eg brenn for meir enn andre. Brann-trekanten seier at det må temperatur, oksygen og brennbart materiale til for å skape eld. På same måte er det alt for mange ting som er viktige til å berre kunne nevne eit par. Alt henger til sjuande og sist saman om man skal ha eit balansert, velfungerande samfunn.